Statens landbruksforvaltning (SLF) har eit sterkt fagmiljø med gode moglegheiter forfagleg utvikling. Vi forvaltar store tilskotsordningar, og avgjerdene våre får følgjer for mange menneske.
Gode medarbeidarar gir nøgde brukarar. Dyktige medarbeidarar får derfor tilbod om interessante arbeidsoppgåver med stort ansvar og høve til kompetanseutvikling både gjennom eige arbeid og kompetansehevande tiltak.
Vidare tilbyr vi:
Satsing på helse, miljø og tryggleik
Fleksibel arbeidstid
Sommartid
Medlemskap og bustadlånsordning i Statens pensjonskasse
Kantineordning med økologisk mat
Refusjon av utgifter til trening
SLF har ca.190 tilsette fordelt på fire avdelingar: Administrasjon, Ressurs og areal, Landbruksproduksjon og Handel og industri
No kan du søkje jobb i Statens landbruksforvaltning via den elektroniske rekrutteringsportalen vår. På ein enkel måte kan du registrere CV-en din, skrive søknad og leggje ved elektroniske attestar og vitnemål.